Maktpersonar i ordsky

Kvinnheringen har med hjelp frå Norfakta gjennomført ei meiningsmåling blant innbyggjarar i kommunen. Dei har både spurt om kva parti ein ville velja om det var val i dag, korleis folk stiller seg til innføring av eigedomsskatt og kven folk meiner har mest makt i Kvinnherad.

Undersøkinga gav materiale til fleire saker. Saka om maktpersonane sto på trykk på måndag. Lista på ti namn gav grafikar Vidar Håland høve til å leike seg med ei ordsky.

Vidar Håland er 25 år, vannvittig flink og glad i programmet Brille, skryt Jonn Karl Sætre i Kvinnheringen.

Om du vil prøve å lage ordsky, kan det gjerast på ulike måtar. Det finst fleire program som kan gjere jobben, til dømes Wordalizer, som brukast i InDesign.