Praksisplass i lokalavis

Mushtag Ahmed Yusuf (20) er flyktning frå Somalia. Dei to siste månadene har ho hatt praksisplass i Suldalsposten for å lære seg betre norsk og å bli betre kjent med lokalsamfunnet.

Mushtag Ahmed Yusuf og ansvarleg red/dagleg leiar Astrid Espeland i Suldalsposten (foto: Marta Brit Lunde/Suldalsposten).

Denne saka byrja med at LLA les ein reportasje i Suldalsposten om ei sygruppe på Sand som gir flyktningekvinnene i kommunen eit tilbod om sykurs kombinert med språkkurs. Reportasjen, som er skriven av pensjonert journalist Helga Møgedal, peikar seg ut med eit godt og levande språk:

(les saka som pdf-vedlegg)

I same utgåve ser vi at det har kome til eit nytt namn på kolofonen: Mushtag Ahmed Yusuf har praksisplass i redaksjonen. Vi tek kontakt med Mushtag, som fortel at ho har hatt praksisplass i avisa kvar torsdag og fredag i to månader no, og skal halde fram med dette til midten av desember. Mushtag er 20 år og kom til Noreg 26. desember 2010. Til Suldal kom ho fyrst i august 2011. Ho er åleine i Suldal, utan noko familie. I Somalia har ho gått sju år på skule før ho byrja å passe syskena sine på fulltid, sidan mora jobba. Ho fortel at ho likar seg godt i avisa. Det er kjekke folk og greie oppgåver, som å laga lunsj, henta post, og å vera med på foto-oppdrag med journalistane.
Mushtag kunne tenkt seg å jobba på hotell, eller aller helst i ein barnehage når introduksjonsprogrammet er over.
– Eg er veldig flink med barn. Difor kunne eg tenkt meg ein jobb i ein barnehage. Men Suldal er ein veldig liten stad. Eg har søkt på jobbar, men ikkje fått noko enno. Får eg ikkje ein jobb som passar meg, må eg nok flytta. Eg kan ikkje berre sitja inne, fortel ho.

Ansvarleg redaktør og dagleg leiar Astrid Espeland fortel at dette er tredje gongen dei har ein person i praksisplass i avisa.
– Me veit at flyktningane i Suldal har problem med å skaffa seg arbeid, og sidan det å læra seg norsk er rota til alt godt, bestemte me oss for å gi ein person anledning til å læra seg betre norsk, og å få eit innblikk i eit norsk arbeidsliv. Det å ha ein person på arbeidspraksis i dag er jo heilt vanleg. Me har hatt to stykk før Mushtag, og eg føler meg ganske sikker på at mange andre aviser òg har hatt dette. Alle må vera med på dugnaden viss folk skal få ein sjanse til å komma inn på arbeidsmarknaden, seier Espeland.

Redaktør Majoran Vivekananthan i Utrop fortel at dei har hatt mange personar på praksis dei siste åra, både ordinær praksis (NAV) og såkalla språkpraksis (frå kommunens introduksjonsprogram).
– Vår erfaring er at ferske flyktninger ikke er i stand til å produsere saker som kan brukes i avisen. Deres praksisplass er i større grad en mulighet hvor flyktningen kan bli kjent med norsk kultur og arbeidsliv, og å lære å kommunisere på norsk. En slik praksisplass krever at andre i redaksjonen også bidrar. Ikke alle mindre aviser har ressurser til dette. Derfor har vi Utrop vært nødt til å si nei til språkpraksiser. Samtidig kan jeg si at erfaringen vår er varierende. Vi har hatt en eritreisk mann med erfaring som journalist i hjemlandet. Han lærte å skrive meget bra norsk i løpet av kort tid. Og klarte å levere innhold som var helt unikt. Noe språkfeil kunne vi korrigere. Nå har han vært i Norge i fire år, og nylig leverte han en frilansartikkel som var på høyt nivå.

Majoran Vivekananthan