Politikarane hentar pengar i tunnelane

“Eit fåtal lokale politikarar håvar inn fleire hundre tusen kroner i honorar for politisk arbeid og ulike styreverv”, skriv avisa Kvinnheringen.

– Saka starta eigentleg med at eg ønskte å sjå litt nærare på kva selskap dei lokale politikarane var involverte i. Etter kvart bygde saka seg opp og eg oppdaga at her var det nokre få som var plassert i mange styrer. Det var då eg starta undersøkinga om kva honorar og løn desse politikarane hadde i desse verva. Det vart etter kvart store summar, fortel journalist Arne Lindeflaten i Kvinnheringen.