Korleis har kvinnene det på jakt?

Fjuken har vore med eit jaktlag på elgjakt og laga ein stemningsfull reportasje. Journalist Hans Erik Kjosbakken valde å sitja på elgpost med Hanne Elisabeth Bakken, og etter nokre timer med kviskring enda han opp med ein reportasje om korleis det er å vera einaste jente i jaktlaget. – Ein lyt ha tjukke øyro, og ikkje irritere seg, er konklusjonen til jegeren, som også røper at ho må stappe posesnus i øyro for å sove gjennom snorkinga om nettene.

Det er forøvrig ikkje berre, berre å vera journalist i skogen. – Førre gongen eg var med på elgjakt møtte eg bjørn. Det mest dramatiske denne gongen var myggen, fortel Hans Erik Kjolsbakken.