Det handlar om folk

Det er overskrifta på Sunnhordland sin leiar på måndag. Denne veka har avisa sett på trykk alle vallister i alle dei fem kommunane i avisa sitt dekningsområde. Først ut er Stord: “Det er desse 215 personane som står til val, og det er desse 215 listekandidatane innbyggjarane i Stord kommune skal velja mellom når folket sine representantar skal peikast ut i haust. For det er det det handlar om; folk.”

“Det er til sjuande og sist veljarane som avgjer kven som blir valt og kven som ikkje blir valt. Om veljarane er medvitne dei moglegheitene som er for å påverka valresultatet, finst det i røynda ikkje noko som med rette kan kallast listefyll. Difor nøyer me oss heller ikkje med å setja søkjelys på dei som toppar listene”
(utdrag frå leiar i Sunnhordland, måndag 20.juni 2011).

Les første presentasjon av alle namna på listene som vedlegg