Arkitekturreportasje: Gulating lagmannsrett

Sjekk ut Åsa Nord i Os og Fusaposten sin reportasje om bygget som husar Gulating lagmannsrett. Flotte bilete god tekst.

– Bileta er tekne over to omgangar. Kamera svikta nemleg mot slutten av intervjuet. Så då eg var klar til å gå fra intervjuobjekta for å konsentrera meg om detaljbilete, var kamera plutseleg heilt livlaust uansett kor mange gongar eg skifta batteri og minnekort. Difor drog eg tilbake ein tidleg morgon, og var utruleg heldig med lyset. Då fekk eg ro på meg og god tid til å ta ei mane fine detaljbilete. Det var viktig for meg at saka også skulle få eit bra oppsett og sjå bra ut på trykk, dirfor samufor eg først idébanken for å henta inspirasjon frå andre sine fine sider. Deretter brukte eg mykje tid saman med Marit Tøsdal Hennes, som sette opp avisa den dagen. Ho prøvde ut forskjellige idear vi hadde, og skal også ha skryt for resultatet. Det handlar om teamwork og å ta seg god tid.
Trass i all tida vi brukte har eg oppdaga eit par småfeil i ettertid. Skrivearbeidet var også ekstra tidkrevjande på denne saka, men i det store og heile var all tidsbruken verdt det – både når det gjaldt bilete, innhald og oppsett. Vi blei godt nøgde sjølve, og har fått mykje skryt frå andre, fortel Åsa Nord.

Les hele saken som vedlegg