15. april er søknadsfristen til høgare utdanning. Korleis vel ungdommane retning, og korleis har det gått med dei som har studert?
Då Grannar skreiv om yrkes- og studieval før søknadsfristen for vidaregåande utdanning, fekk vi vite kva fem ungdommar gjer i dag, sju år etter at dei gjekk ut av ungdomsskulen. Dei same ungdommane vart også intervjua om valets kvaler for sju år sidan. Fasiten viste at ingen av dei hadde gjort heilt som planlagt.