Ein ganske vanleg feil …

Når vi ønskjer å avslutte ei line med tre prikkar i staden for punktum, skal det være eit mellomrom mellom det siste ordet og den første prikken.

MEN: Erstattar vi delar av eit ord med tre prikkar, skal det ikkje vere mellomrom mellom bokstavane og prikkane, men mellomrom til det neste ordet.

For eksempel: Dette vil eg ikkje snakke meir om …
Han brukte ofte vulgære ord som p… og f… når han snakka.

På Mac og Indesign får vi tre prikkar ved å bruke alt+punktum.