Ryddar framsida til uro kring skulekutt

Reduksjon i skulebudsjettet går utover kvaliteten på undervisninga. Lærarane meiner dette er urovekkjande, og hevdar kommunen gjer seg skuld i lovbrot. Kvinnheringen brukar heile framsida på saka med ein eigen vri som fungerer godt.

“Elevar som treng ekstra fagleg og sosial oppfølging vert hardast råka som følgje av dei stadige
kutta i skulebudsjettet. Etter at Utdanningsforbundet Kvinnherad har teke imot fleire uromeldingar frå lærarar som opplever ting dei meiner er både kritikkverdige, uansvarlege, uakseptable og til og med ulovlege i skulen i Kvinnherad, vart det gjort ei spørjeundersøking der over 100 lærarar deltok.
Konklusjonen er klar: Kvaliteten i skulen er blitt dårlegare. Dei konsekvensane som Utdanningsforbundet Kvinnherad tidlegare hadde signalisert ville bli resultatet av stadige budsjettkutt, har slått til for fullt. Spesielt er det dramatisk for dei elevane som er i gråsona, og dei som har lovfesta rett til spesialundervisning”
, skriv Kvinnheringen.

Skriv du om liknande saker? Les intervju
med tidlegare barneombud Reidar Hjermann om stadige brot på opplæringslova:

“I ei lokalavis, og i de fleste andre aviser i Norge, hadde man skrevet med store krigstyper dersom vanlige menneskers lovmessige rettigheter hadde blitt brutt daglig, enten saken gjaldt retten til enerom på sykehjem eller arbeidsledighetstrygd. Men hver eneste dag foregår det konkrete brudd på barns rettigheter, spesielt i opplæringsloven. Det er lærere som ikke fungerer, klimaet, mobbing, og en rekke andre utfordringer som av en eller annen grunn får passere uten at det gjøres noe med det.
– Vi i Barneombudet tar det opp, gang på gang på gang, men ingenting blir gjort. Det er essensielt at lokalavisene setter fokus på dette, sier Hjermann.”