Har de historisk stoff som igjen er aktuelt, anten på grunn av eit jubileum eller på grunn av ny utvikling? Kvifor ikkje hente det gamle stoffet fram frå arkivet og publisere det i ei ny drakt?
For 75 år sidan vart Rosendal råka av ein flaum som valda enorm skade. Grenda laga ein større artikkel om flaumen i papiravisa for fem år sidan. Dei gjorde ein stor jobb med å rekonstruera det som hende i november 1940. Historia er framleis den same, og Grenda valde å publisera teksten på nytt førre veke, denne gongen på nett.