Fotoreportasje frå skraphaugen

Skraphaugen kan vere ei skattkiste for ein fotograf. Pensjonist, hobbyfotograf og frilansar i Sunnhordland Olav Bjørkum har vandra på skraphaugane og funne motiv ingen andre bryr seg om.

Det er ting, ting, ting, forvridde til det uattkjennelege. Og likevel er det eit slags liv, for alt har vore knytt til menneske, alt har vore nytt ein gong.

Bileta er presenterte i ein flott fotoreportasje, akkompagnert av fakta om dei enorme mengdene avfall nordmenn og sunnhordlendingar kvittar seg med.

Museumsdepot: Eg stod lenge og såg på dette. Det var noko kjent. Aha! Såg eg ikkje noko liknande på Museet for samtidskunst i Oslo i fjor? Ein skrikande protest mot vår opprivne tid, ei tid som mange stader i verda er farga av blod. Når magasinet på museet er fullt, er Eldøyane siste kvilestad for mangt ei kunstverk.