“Kommunestyret i Sandøy onsdag fekk flytta møtet til Sandøyhagen. Det var varsla innrykk av mange tilhøyrarar. Spådomen vart oppfylt. Masse folk. På agendaen sto budsjettbehandling med kutt og oppseiingar.” Det er naturleg nok svært mykje budsjettstoff i avisene på denne tida. Vi likar avisa Nordre si rapportering frå kommunestyremøtet. Redaktør Robin Røkke Johansen skriv levande og godt om kva som skjedde på møtet, og har i tillegg intervjua fire som sat på tilskodarbenken.
Saka stod på trykk i Nordre fredag 13. desember. Sjå pdf-vedlegg.