Konfirmantar før og nå

Mai er konfirmasjonstid, og ein kjem ikkje utanom det i lokalavisspaltene heller. Journalist Tone Sidsel Sanden hos oss i Dølen har gjort ein fin (syns vi) vri, med å ta for seg ein konfirmant av året og spurt ho om forventningar og tankar kring antrekk, selskapet, maten og gåvene. Men ho har òg tatt arbeidet med å ta ein prat med ni tidlegare konfirmantar, frå 1969 og fram til “våre dagar”, og spurt dei kva dei hugsar. Her er det mye gull! Det vart ein veldig fin sak, over fire sider, som heilt sikkert er “kaffimat” rundt omkring i heimane, og mange får seg nok ein god latter av konfirmasjonsbilda frå ei svunnen tid.