Nyheitskavalkade for framtida

Er du lei av å venta på nyheitene? spør Vestnytt. Dei har allereie no presentert sakene som dei meiner vil vekkja merksemd i 2015. Her får vi mellom anna vita at Nest Sotra skal knusa Brann på bortebane i juli. “Sotrasambandet vert forseinka” er ein tittel med stor gjenbruksverdi.

“Øygarden sprenger bruene” vert hovudsak i august: – Men eigedomsskatten vår får de aldri. Det er meldinga frå kommunestyret i Øygarden, som har fått fjerna bruene som leiar sørover inn i Fjell. Slik håpar dei å unngå kommunesamanslåing og tap av ustyrteleg rikdom. Utan bruer satsar dei og på at dei slepp bokmålselevar som vil f lytta nordover.

I oktober kan vi lesa at nettaviser skapte køkaos: Nokre sterke vindkast førte til fare for at Sotrabrua måtte stengast. Det totale køkaos var eit faktum då bilførarane sakka ned for å lesa om vindkasta på vestnytt.no, bt.no og nrk.no på mobil. Åtte bilar hamna i kjedekollisjon under lesing av saka «Vinden ikkje spesielt sterk».