Greip fatt i fulle skulebussar

Her kan du sjå Sunnhordland si sak om overfylte skulebussar. Etter at Sunnhordland skreiv om problemet, vakna politikarane, og skuleelevane fekk fleire bussar. Saka fekk journalistprisen til LLA under landsmøtet i april. Saka har også fått heiderleg omtale under under Haugesund Journalistlag sin vinterkonferanse.

I juryen til LLAs journalistpris sat Reidun Kjelling Nybø, Elin Sofie Lorvik og Gard L. Michalsen. Dei skriv om saka:

Eit strålande døme på at lokalpressa grip fatt i eit lokalt problem som dei ansvarlege ikkje prioriterer, men der engasjementet som avisa bidrar til å skapa, til slutt fører til ei løysing. Redaksjonen fortener ros for bruken av levande bilete både frå eigen redaksjon og lesarar, for brei kjeldebruk, eit glimrande samspel mellom plattformer og for å ta born og ungdom på alvor.

Saka starta med at Sunnhordland fekk tips om svært overfylte skulebussar og trafikkfarlege forhold for elevane. Så fekk dei tilsendt ein video frå ein ungdomsskuleelev. Videoen dokumenterte problemet.

Journalist Vilde Hjertholm Lunde og fotograf Per Egil Larsen vart med på tur med skulebussen. Dei laga og fleire oppfølgingar med reaksjonar og kommentarar.

Saka skaka opp og engasjerte både lærarar, rektorar, foreldre, ordførar, politikarar, Trygg Trafikk og statssekretær Bård Hoksrud (Frp). Skyss, som organiserer skuletransporten, skulda på for lite pengar, og prøvde så godt dei kunne å bortforklara problemet. Saka vart teken opp av lokale politikarar i fylkeskommunale organ, og to veker seinare snudde Skyss. To nye bussar vart bestilt, og nokre veker seinare vart det sitjeplass til alle elevane.