Lokalaviser er meir enn kaffikos

LLA svarar i Aftenposten i dag 14.januar på redaktør Knut Aastad Bråten i Syn og Segn sitt debattinnlegg «Berre kaffikos» den 2. januar i same avis. Bråten reiser spørsmålet om lokalavisene fyller den viktige samfunnsoppgåva som vaktbikkje. Han etterlyser også verdidebattar og meir offensiv satsing på djupgripande artiklar. Han reiser desse spørsmåla etter å ha lese éi lokalavis fast ei tid.

Lokalaviser er meir enn kaffikos

I Aftenposten torsdag 2. januar har redaktør Knut Aastad Bråten i Syn og Segn eit debattinnlegg under tittelen ”Berre kaffikos” der han reiser spørsmålet om lokalavisene fyller den viktige samfunnsoppgåva som vaktbikkje. Han etterlyser også verdidebattar og meir offensiv satsing på djupgripande artiklar. Han reiser desse spørsmåla etter å ha lese éi lokalavis fast ei tid.
Innlegget byggjer på ein premiss om at lokalavisene berre skriv om det ukontroversielle og hyggjelege, og baserer argumentasjonen på det. Dette stemmer dårleg med fakta. Vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) organiserer godt over hundre av dei minste avisene her i landet. Sekretariatet les ein stor bunke lokalaviser dagleg, og har nær kontakt med dei fleste redaksjonane. Alle redaksjonane er sjølvsagt ikkje alltid like flinke, og nesten alltid er det råd å bli enda betre, men etter vårt syn gjer avisene ein god jobb.
Lokalavisene er ei stor og samansett gruppe. Det er relativt store dagsaviser som dekkjer mange kommunar, og små aviser som kjem ut ein gong i veka og dekkjer éin kommune. Svært få har oversikt over alle desse avisene, og etter vårt syn er det uråd å gjere seg opp ei solid meining ved berre å lese nokre aviser no og da. Ein må følgje mange aviser over lang tid før ein kan seie noko generelt. Kjenner ein ikkje dei mindre avisene godt, er det lett å undervurdere innsatsen. Det er lett å finne gode døme på at mindre aviser driv god og kritisk journalistikk. Her må vi nøye oss med nokre få:
Hordaland Folkeblad avdekte nyleg ein ukultur blant folkevalde med å samlast til lukka møter som skal vere offentlege etter kommunelova. Avisa stod utanfor rådhuset ein sein kveld i november og dokumenterte dette ved å fotografere inn vindauga. Biletet vart bretta ut over to sider i avisa, med tittelen ”Meiner politikarane fører borgarane bak lyset”. Undersakene handla om to liknande saker i Bardu og på Hjelmeland, der respektive Fylkesmannen og Sivilombudsmannen uttalte at dei lukka møta var i strid med kommunelova.
Eit anna døme er artikkelserien “Røvikas mørke side” som gav den relativt vesle Saltenposten journalistpris i 2012. I over eitt år hadde ein journalist lese seg gjennom mange hundre sider med dokument og rapportar. Det vart ei historie om grov omsorgssvikt, vald, sjølvmordsforsøk og seksuelle overgrep. Slik kunne vi halde fram med konkrete døme som normalt ikkje vil gå inn under omgrepet kaffikos.
Også når det gjeld å skape engasjement og debatt, slik Aastad Bråten etterlyser, er dei fleste lokalavisene svært aktive. LLA og lokalavisene har over fleire år jobba aktivt med å få fleire unge til å engasjere seg i samfunnsdebatten. Avisene har hatt ei omfattande dekning av den siste lokalvalkampen – det kjem fram i avisforskar Sigurd Høst sin delrapport ”Ung & engasjert og valgdekningen i lokalavisene”.
Knut Aastad Bråten er hjartleg velkomen til kontoret vårt i Kongens gate for å lese fleire lokalaviser. Kaffi serverer vi også.

Landslaget for lokalaviser

Rune Hetland
generalsekretær

Helen Frøyseth
redaksjonell fagmedarbeidar

Rune Hetland stiller til debatt med Knut Aastad Bråten på NRK Radio førstkomande måndag, i programmet Ekko.

Sjå pdf.