Den tyske ukeavisa Die Zeit kom i februar 2010 ut med ei spesialutgåve av Zeit Magazin som handla om barn i dagens Tyskland. “Kan ein ta parti for eige barn i en sandkasse-krangel?” Die Zeit gav deg svaret.
I denne spesialutgåva av Die Zeit Magazin fekk foreldre svar på 55 spørsmål om barn, dette var gode spørsmål som ein kanskje ikkje vågar å stille på helsestasjonen, nokre alvorlege og nokre med eit snev av humor i seg.
- kan ein ta med babyen på fest?
- skal ein fortelje om eigne erfaringar med narkotika?
- kan ein ta parti for eige barn i en sandkasse-krangel ?
Magasinet trykte og ei undersøking gjort blant tyske barn, fordelt på prosent etter alder, blant anna:
- talet på tekniske ting ein har på rommet (tv, spel, pc, cd-spelar osb.)
- kva sparar barn til?
- alder for den første gang – kyss, tungekyss, sex, osb.
- kor mange som bur med med berre far eller mor.
- favorittkanalar på tv.
- kva yrke dei ønsker seg (8-19 år).