Skapte ein snakkis

Det skjer uforklarlege ting i Hordaland-bygget på Svartenakken. Fleire tilsette har sett ting. Høyrt ting. Skuggar i tomme rom. Steg i trapper og korridorar, utan at nokon er der. Somme vågar ikkje vera åleine i bygget, og særleg i trykkeriet ser aktiviteten ut til å vera stor.

Avisa Hordaland kontakta åndeutdrivar og healer Asbjørn Fenne. Og laga reportasje om besøket hans i avishuset, der han oppdaga fleire ånder med dårleg energi.

– Åndenes hus har vore snakkisen i bygda siste månaden. Og det har ikkje lagt seg enno, fortel Vidar Herre.

Han meiner artikkelen ber preg av at han kom på litt for fort. Det var meininga at historikken på huset/tomta skulle vera med i reportasjen.

Mange syntest det var moro å lese om åndeutdrivinga. For andre var dette ramme alvor. Lesarinnlegga lot ikkje venta på seg. Kritikarane meiner anten at saka ikkje skulle vore på prent, eller at det skulle vore presentert innvendingar også.

– Eg var obs på at det kunne koma motførestillingar. Snikra difor tittel, ingress og avslutning for å få fram eit glimt i auga hjå lesarane, men den gong ei. Ikkje alle såg den. Artikkelen er meint som ein rein feature, så er det opp til kvar enkelt å vurdera. Men me skulle sluppe kritikarane til meir, ikkje berre i lesarbrev, konstaterer Herre.

– For min sin del var det mest overraskande kor mange spøkelse som kom ramlande ut av skapet her på avishuset, legg han til.

Les både reportasjen og lesarinnlegga i vedlegget.