Ein pressefotograf sin kvardag er ikkje alltid like spennande, og kan til tider vera monoton. Då kan det vera ok å ta oppdrag utanom jobben – ein liten luftepause i kvardagen. Alt frå promoteringsfoto av band og artistar, til gravferder og brudlaup. Det kan gje påfyll som ein kan ta med seg attende på jobb.