Idéar og innspel frå idédugnaden landet rundt

I vedlagte notat finn du innspel, forslag og tankar om lokalavisene si satsing på unge lesarar. Idèeane er i stikkordsform, men nyttige for at lokalavisa di kan gjennomføra nye konkrete og praktiske tiltak overfor ungdomsgruppene. Ein del av forslaga handlar om sjølve Ung & engasjert-prosjektet vårt, ein del er konkrete tips til kva lokalavisene kan gjera den dag i dag. Alt er henta frå idèdugnaden som LLA hadde i sju byar for nokre månader sidan ? i bakkant av tekst- og fotokursa våre. Tusen takk til kursdeltakarane for gode innspel. Dersom du er blant dei som deltok på idédugnaden, og som finn att forslaget ditt her, er det bare flott om du gir utfyllande kommentarar eller legg inn forslaget på nytt med fleire tankar rundt temaet. I så fall er du og avisa di med i konkurransen om dusøren vår på 2009 dollar!