Hordaland Badnateigen valet

Slik dekka Hordaland stortingsvalet

Borna sine syn, meiningsmåling, spørsmål-svar-intervju med toppolitikarar på kommuneturné og ikkje minst rykande fersk papiravis morgonen etter valet. Slik dekka Hordaland stortingsvalet i 2017.

Borna sine syn, meiningsmåling, spørsmål-svar-intervju med toppolitikarar på kommuneturné og ikkje minst rykande fersk papiravis morgonen etter valet. Slik dekka Hordaland stortingsvalet i 2017.

Hordaland kom dagen etter valet ut med to papirutgåver. Andreutgåva inneheldt ferskt stoff frå Stortingsvalet, og gjekk til innbyggjarane på Voss og i Granvin, Ulvik og Eidfjord. Siste sida vart sendt til trykkeriet klokka 23.40.

Då hadde journalistane vore på to valvaker på Voss og to i Bergen. Med tre lokale kandidatar som kunne få plass på Stortinget var det nok av lokale vinklingar.

– Det er veldig moro å laga ei avis som er så aktuell, få den gammaldagse dynamikken og avisstemninga i redaksjonen, og nokre timar seinare henta avisa i postkassen og sjå at ho er minst like aktuell som BT. Det er framleis berre 48 prosent av abonnentane våre som har registrert seg digitalt, så vi veit jo at papiravisa er viktig for mange, seier konstituert redaktør Geir Geitle.

Samstundes oppdaterte dei nettet fortløpande. Der hadde dei også god hjelp av NTB, gjennom ei felles avtale med fleire aviser fekk dei tilgang på grafikk som vart fortløpande oppdatert.

– Valsakene på nett har veldig gode lesartal. Langt over normalen, men slik skal det jo vera, seier Geir.

Før valet hadde Hordaland ei lokal meiningsmåling. Med hjelp av telefonintervju gjort av Norfakta kunne dei visa fram korleis hordalandsbenken truleg ville sett ut om vossingane fekk bestemma. Dei kunne også fortelja at Senterpartiet truleg ville verta størst blant veljarane på Voss, noko som også vart resultatet. Heile 29,1 prosent av stemmene gjekk til SP.

Geir Geitle hadde tinga meiningsmålinga i god tid før valkampen. – Eg veit at det kan bli liten kapasitet om ein er seint ute, seier han. Hordaland nytta sjansen til å stilla fleire spørsmål som kan bli nyheitssaker i tida som kjem.

Elles har Hordaland før valet skrive om saker som opptek vossingane, som ny veg og jarnbane mellom Voss og Bergen. Då stortingskandidatar kom på besøk i valkampen, nytta Hordaland høvet til å laga spørsmål-svar-intervju der dei utfordra politikarane på lokale spørsmål.

Saka som skilde seg aller mest ut i valkampen var nok Badnateigen. Med pappansikt av alle partileiarane besøkte dei ein 6. klasse som fekk synsa om dei ulike partia og leiarane.