Kom deg ut av redaksjonslokala

Etter at ei vegtrasé-sak stod på trykk i avisa, byrja telefonen i Dølen-redaksjonen raskt å kima. Folk ville seia sitt om vegforslaget. Då tok journalist Bjørn Sletten blokk og kamera med seg ut for å møta folk. Dølen ville ha endå fleire stemmer inn i avisa.


– Eg besøkte då både ein kafé, lærarrommet på den lokale skulen, ein sjetteklasse og eit tilfeldig treff med to eldre damer ved eit postkassestativ. Dette var moro! fortel Sletten. Resultatet vart to sider med innbyggjarane sine meiningar. Det er i alt 15 ulike stemmer i dei to sakene.

Sjå pdf.