100 dagar for den nye ordføraren

23 år gamle Kåre Martin Kleppe har vore ordførar i Tysnes i 100 dagar. Kristine Næss Thorsen i Tysnesbladet har intervjua han om korleis starten har vore.

Som andre ferske ordførarar har Kåre Martin Kleppe måtta læra seg å leia eit kommunestyremøte samtidig som viktige saker som kommunebudsjettet, busetjing av flyktningar og kommunereforma har vore diskutert. Det har også vore ein del negative reaksjonar både på alderen og den korte politiske bakgrunnen hans, og på korleis maktskiftet skjedde.

Ordføraren har ikkje tatt skrekken, og vil gjerne ta fleire periodar som ordførar.