Ein dag med ambulansen

Mari Mehl i Grenda var med på ei ambulansevakt frå 8 til 16. Det vart det ein spanande reportasje av.

– Eg kunne risikert det ikkje skjedde noko. Men det gjorde det jo, seier Maria.

Ho hadde knapt rukke å parkera om morgonen før første utrykning. Ei nervepirrande oppleving, fortel ho.

Etter kvart vart det rolegare, og ho fekk tid til å prata med ambulansearbeidarane om kvardagen deira.

– Det var veldig spanande å intervjua dei om arbeidsdagen og korleis dei handterer krisesituasjonar, fortel Maria, som fekk ideen etter å ha intervjua ambulansearbeidarane på yrkesmessa i haust.

– Dei var velviljuge og sa ja med ein gong eg spurde. Det viktigaste var å skjerma pasienten og ikkje bryta teieplikta.