Vi bøyer for mange verb som a-verb

Ein vanleg feil på nynorsk er at vi bøyer for mange verb som a-verb, altså med endinga -ar i notid. Men det er berre dei verba som får -a i fortid som skal ha endinga -ar i notid.

For eksempel heiter det ikkje reparera i fortid, men reparerte, og difor heiter det reparerer i notid. Det heiter kritiserte i fortid. Difor heiter det kritiserer i notid. For ein del verb er det valfritt om vi bøyer dei som a-verb eller ikkje. Da kan det vere praktisk å følgje dialekten.