Korleis bør ein bruka facebook?

Då ein av dei tilsette overraska tjuvar, la bedriftsleiaren ut ein facebookstatus med namn på personane han mistenkte. Mange delte statusen. Nokon tok dessutan skjermdump av statusen og spreidde den som bilde. Vigga skriv om saka og tar opp facebook-bruk som tema.

I leiaren foreslår Vigga at alle bør ha sin eigen redaktørplakat og spørje seg sjølv om dei vil at ungane, framtidige arbeidsgjevarar eller bestemor skal sjå det dei publiserer, og om det dei skriv om andre er noko dei ville likt å lesa om seg sjølv. Dei spør også fem på facebook kva dei tykkjer ein bør vera varsam med å legge ut på sosiale medier.