Korleis blir fylkestinget?

I dag møter ni representantar frå Ryfylke på fylkestinget. Etter valet neste år kan det bli ein eller to, skriv Strandbuen. Dei har tatt utgangspunkt i valresultatet frå 2011, og sett på kvar lokale representantar er plasserte på partilistene til neste val. Berre Ap har ein kandidat frå Ryfylke på sikker plass.

– Det er dramatisk for Ryfylke om me står att med ein eller to på fylkestinget, seier Finnøy-ordførar og fylkestingsrepresentant Gro Skartveit (V). Ho fryktar at det vil bli vanskelegare å få gjennom gode Ryfylke-saker om dei lokale representantane forsvinn.

Les saka her.

Har de lokale representantar på partilistene til fylkestinget?