Ukas bilete: Livet på skuggesida

“Egil fyller lommene med Petterøes, stormlighter og to boksar øl. Resten av ølet set han inn på badet og låser døra.
– Så har eg til i natt, seier han.
– Kvifor låser du badedøra?
– Du veit aldri, seier han underfundig og tuslar ut ytterdøra. Stumpar sneipen grundig i grusen og svingar seg så elegant inn i bilen at vi lurer på om han er edru.
– Du gløymde å låsa ytterdøra, Egil.
– Det gjer ingen ting. Badet er låst.”

Ukas bilete er teke av journalist Aasmund Taarn Sande i Kvinnheringen. Eit portrettbilete av dei sjeldne på trykk. Krystallklårt, og ekstra spennande med røyken som stig opp over andletet. Taarn Sande har og ein god penn. Ta deg tid til å lesa intervjuet med Egil Opsanger. Sjå pdf-vedlegg.

Fleire saker skrive av Taarn Sande