Vekas bilete i LLA: Å stele frå ei grav

– Dette er noko av det vondaste eg har opplevd . Vekas bilete i LLA er henta frå Fjordabladet og er teke av journalist Anna Wuttudal. Inge Gjul (84) opplever at nokon stel blomar frå grava til kona Margun, som gjekk bort i fjor sommar. Biletet av Inge er nedempa, og viser alvoret og sorga enkemannen føler over situasjonen. Kvardagsdokumentasjon på sitt beste.