Ukas bilde: strikka på Lauritzen

Då fotograf Daniel Melve Kvarme i Hordaland skulle fotografere Øyvind Lauritzen som har skifta beite frå Skigutane på Voss til Dale of Norway, var det naturleg å ta bilete av Lauritzen i ein dalegensar. Men den kreative fotografen tok det eit par skritt lengre. – Tanken var at gensaren skulle «bli strikka på Lauritzen», eller sjå ut som om den akkurat var ferdigstrikka. Biletet er tatt i produksjonslokala til Dale Of Norway, fortel Daniel Melve Kvarme.