Ukas bilde: Motereportasje i Kvinnherad

Sjå godt på dette biletet her. Er det eigentleg slik du trur?


Nei, det er ikkje ein spegel, men ei ramme og to tvillingar som modellar. Journalist Mona Grønningen i Kvinnheringen har laga motereportasje. Og når to av modellane var prikk like måtte det gjerast noko ekstra:

– Då vi valde tvillingane Gunnhild og Frøydis som modellar tenkte eg at vi måtte illustrera kor like dei er, og på ein måte “lura” lesaren litt. Eg tenkte først at dei skulle spegla kvarandre sine rørsler på eit bilde, altså stå i lik positur berre speglvendt med like kjolar. Men så kom eg på at beste og enklaste måten å illustrera det på eigentleg berre var å bruka ei ramme. Då ville det sjå ut som ein person som stod og spegla seg i ein spegel, når det i realiteten er ein tvilling på kva side. Sambuaren min tok fatt på oppgåva med å spikra ei ramme, og så tok vi den med på fotoshooten. Det kulaste var kanskje då min kollega Jonn Karl fekk sjå moteserien på trykk, og uttalte: “Fint bilete, men det hadde vore stiligare viss de hadde brukt ei ramme i staden for spegelen”. Han visste til og med om ideen, men hadde gløymt det ut, og lét seg lura, fortel Grønningen.