Ukas bilde: Løytnant i det fronske

Biletet er teke av journalist Bjørn Sletten i Dølen. På biletet ser vi folka bak ei ny danse- og teaterforestilling: Løytnant i det fronske. Sletten har plassert dei fire ute i skogen, med sola som baklys. Resutat: Eit reint og stemningsfullt bilete. Men Sletten sjølv er ikkje heilt nøgd.

– Eg er ikkje heilt fornøgd med det sjølv, fordi eg fekk for lite blitsljos som motvekt mot sola. I tillegg står Vidar (nærast kamera) med hendene i lommene – det er òg litt kjipt … Det er sjeldan eg er heilt fornøgd, men da har ein jo alltid noko å strekke seg mot. Det er langt att til det perfekte bildet! (Heldigvis).