Ukas bilde: Fullmåne i vinterland

Onsdag 19. Januar var det fullmåne. Journalist Øystein Akselberg i Bø blad tok med seg sitt Nikon D90 ut i skiløypa.

Når kvelden samtidig fell saman med klar himmel og eit flott snødekt vinterlandskap er det berre å pakke fotoutstyr, spenne på seg skia og legge i veg til skogs.

Men korleis kan ta gode fullmånebilete?

– Bileta er tekne med standard utstyr og med bruk av stativ. Kamera er satt på lågaste ISO-verdi (Lo 1) og lågaste blendar, som gjev full blendaropning. Lukkartidene på bileta er stort sett cirka 30 sekund (10 sekund på “månebiletet”) Det kan ofte vere vanskeleg å få kamera til å stille skarpt ved hjelp av autofokus. Då må ein enten bruke manuell fokus eller jukse litt ved å ha med ei hovudlykt og lyse opp motivet der ein ønskjer at apparatet skal finne fokus. Ein treng då ei litt kraftig LED-hovudlykt, forklarer Akselberg.

Alle tre bileta er tekne den 19. Januar mellom klokka 22 og 23 i Breisås, som ligg sør for Bø sentrum. Eine biletet viser utsikt mot byggjefeltet og med Lifjell i bakgrunnen.

Fotoutstyr: Nikon D90, med Nikon DX AF-S Nikkor 18-105 mm (1:3,5-5,6 G)