Anna Kleiva frå Vinstra debuterer med diktsamlinga “Ti liknande versjonar” på forlaget Oktober. Bjørn Sletten i Dølen skulle skrive saka, og fekk ein idé.
Kva med å ta 10 portrett, som alle er ulike “versjonar” av forfattaren?
– Ideen gav seg eigentleg sjølv, utifrå tittelen på diktsamlinga, seier Sletten. Men Anna Kleiva budde i Bergen, difor fekk Sletten tak i fotograf Ida Kjørholt som kunne ta bileta for han.
– Men ideen tek eg fullt og heilt æra for, seier han.