Treng redaksjonen hjelp på kort varsel? Kommunikasjonsbedrifta Norsk Plan i Suldal har i fleire år tatt frilansoppdrag som journalistar og deskjournalistar for lokalavisene rundt seg. Dei ønskjer no òg oppdrag frå aviser i andre delar av landet.
– I dagens samfunn har det jo ikkje så mykje å seie kor desken sit i landet, påpeiker Judith Sørhus Litlehamar.
Norsk Plan har nynorsk som arbeidsmål, men leverer også på bokmål. Ved sida av pressearbeid driv dei også med nettsideutvikling, grafisk arbeid og rådgjeving innanfor sosiale medium.
Bilete av gjengen i Norsk Plan : fv Astrid Eidhammer Hjelmeland, Elin Moen Karlsen, Judith Sørhus Litlehamar, Toyni Tobekk og Lars B. Skipevåg.