Ei avis til ære for mor

Fredag var heile Kvinnheringen ein hyllest til mødrer. I anledning morsdag presenterte Kvinnheringen sterke historier, interessante fakta og varme tekstar om mørdrer og morsdag.

Dei har mellom anna vore med på babytreff, intervjua ein jordmorassistent (og mor hennar), møtt mødrer som jobbar saman med sine eigne born, møtt åleinemor og rullestolbrukar Camilla Stensletten, og intervjua ein av sonene til Inga Rusten, som var mor til 14. Dei fortel også historia om Åse Farestveit som har fått adoptera tre born sjølv om ho er einsleg.

Kvinnheringen har fått tilsendt mange morsdagkort, nokre av dei kom på trykk i papiravisa, og alle vart presenterte på nett. Annonsene var også vinkla på morsdag.

– Det var utruleg kjekt å jobba med morsdagsavisa. Faktisk noko av det aller kjekkaste eg har jobba med i denne bransjen nokon tid, fortel journalist Elisabeth Berg Hass.

Kvinnheringen byrja å jobba med avisa ein månad før deadline. Slik vart det god tid til å flikka og ordna.