Ei avis med personlegdom og breidde

Vi gratulerer Suldalsposten, som i helga vart kåra til Årets lokalavis på LLA sitt landsmøte i Bergen. Dei sju kvinnene som lagar Suldalsposten vart mellom anna heidra for å laga ei avis med personlegdom, breidde og godt språk. Tom Hetland i Stavanger Aftenblad, Anne Jacobsen i Amedia og Svein Olav Langåker i framtida.no var i juryen.

Her er heile grunngjevinga til juryen:

Årets vinnar er ei avis med personlegdom. Ho tar vare på historie, identitet og tradisjonar – det beste frå lokalavistradisjonen – samtidig som ho peikar framover og plasserer seg godt i det nye mediebildet. Suldalsposten løftar fram enkeltmenneske og har ei breidde i både kjeldeval, tematikk og retorikk som har gledd juryen. Avisa tar vare på samfunnsoppdraget sitt på ein god måte, og viser veg for lokalbefolkninga gjennom både vanskelege og hyggelege saker. Ho har ein rein og tydeleg bladbunad, og avisa er ei lita perle på kommunikasjon. Gjennom gode retoriske grep, glitrande skribentar og vakkert språk skil ho seg ut som ei avis som på førebiletleg vis ikkje berre er berar av det journalistiske handverket, men også den skriftlege kulturarven.

I vedlegget kan du sjå nokre sider frå ei av utgåvene som juryen vurderte.

Våganavisa og Askøyværingen fekk hederleg omtale i kåringa.

Askøyværingen fekk mellom anna skryt for journalistikk av høg kvalitet, dyktige skribentar og ei variert og interessant nyhendedekning.

Våganavisa vart av juryen skildra som aktuell og framoverlent, med sterke band til lesarane.