Lukking av offentlege møte

“Politikarane i Kvam opptredde i strid med lova då dei måndag kveld var samla i rådhuset for å drøfta budsjettet 12 timar før det ordinære formannskapsmøtet tysdag. Det var ikkje sendt offentleg innkalling, og dørene var lukka for ålmenta.” Hordaland Folkeblad hadde sist fredag på trykk ei god sak om ukultur blant folkevalde.

“– Her har ein gjort aktive grep for å halda offentlegheita borte frå innsyn i budsjettprosessen. Det er å føra folk bak lyset. Den politiske prosessen budsjettet er, skal vera gjennomsiktig. Veljarane har krav på å få vita kven som fremjar kva forslag, og kven som meiner kva,” seier offentleglovekspert Gunnar Bodahl-Johansen til avisa.
Ordføraren seier til avisa at gruppene møttest kvar for seg frå klokka 18 og utover, og at det
vart presentert eit budsjettframlegg for gruppeleiarane som vart drøfta i kvar gruppe.
Men Hordaland Folkeblad luska i buskane utanfor rådhuset og kunne sjå at alle parti til slutt var samla i same rom. Avisa trykkjer eit bilete som viser dette.
Avisa skriv og om to liknande saker i Bardu og på Hjelmeland, der respektive Fylkesmannen og Sivilombudsmannen uttala at møtelukkinga var i strid med kommunelova.

|Fakta| OFFENTLEGE MØTE

  • Ifølgje paragraf 31 i kommunelova er møte
    i folkevalde, kommunale organ opne for alle.
    Det gjeld fyrst og fremst kommunestyre og formannskap.
  • Om dørene skal lukkast, må organet sjølv gjera
    vedtak, og vedtaket må visa til ein heimel i kommunelova.
  • Møte skal lukkast når det føreligg lovbestemd
    teieplikt, når organet skal handsama ei sak som
    handlar om tenesteforholdet til ein arbeidstakar,
    når omsynet til personvern eller til tungtvegande
    offentlege interesser tilseier det, eller når det
    vil koma fram opplysingar i møtet som kunne ha
    vore haldne unna offentleg innsyn om dei hadde
    stått i eit dokument.

Saka er laga av:

Tekst Katrine Helgheim/Sigbjørn Linga
Foto Sigbjørn Linga

Hordaland Folkeblad jobbar no med ei oppfølging av denne saka.

Les saka som pdf-vedlegg