Portrett av ein kvardag

Torsdag 22. november. Ein dag til forveksling lik mange andre hustrige haustdagar. Like fullt ein merkedag for Grenda sine lesarar. Avisa har prøvd å ta temperaturen på kvardagslivet i vår langstrakte kommune. Frå tidleg morgonstund til seine kvelden har fotografiapparata vore i sving. I eit ærleg forsøk på å visa både mangfald og kvinnherske spesialitetar.

Heile staben i Grenda – bortsett frå han eine som måtte i kommunestyremøte – la alt anna til side og drog ut for å ta bilete av kvardagen. Dei laga ein ti sider lang fotoreportasje om alt som skjer i Kvinnherad på ein heilt vanleg kvardag.

– Vi hadde nokre avtaler på førehand, men veldig mykje er ting vi har oppsøkt eller snubla over på vegen, fortel redaktør Håvard Sætrevik.

Avisa har fått fine tilbakemeldingar, og Sætrevik håper dei får fleire høve til å lage fotoreportasjar der alle bidrar.