Sander åtte år etter

Anne Sofie Tresland i Vest-Telemark blad har intervjua Sander Gundersen to gonger. Då han gjekk i fyrste klasse, og etter at han var konfirmert. I sommar sto intervjua på trykk side ved side.

Det eldste intervjuet med Sander er trykt som ein faksimile i fullt format. I det ferske intervjuet kan vi lese at Sander framleis har den same yrkesdraumen som då han var fyrsteklassing.

– Så vidt eg veit er det fyrste gong VTB har fylgt opp eit intervju fleire år etter, slik som eg kom på å gjera når Sander no var konfirmant, seier journalisten. Ho presiserer at ho det var viktig for henne å få godkjenning frå Sander før det gamle intervjuet vart trykt.

– Mange i den alderen ville syntest det var flautt, men eg forsikra meg om at det var ok for han, og eg var trygg på at det var noko han verkeleg meinte, seier ho.

Ho har skrive fleire laurdagsintervju med barn, og gjorde opptak fyrste gongen ho intervjua Sander. – Sjølv om ein ved å ta opp kan fange dei barnslege seiemåtane betre, er eg ikkje sikker på at intervjuet blir betre enn om ein noterer på vanleg måte. Men sjølvsagt kan det å ta notatar verke litt forstyrrande på samtala. Det er lite som skal til for å avspore dei små. Men morosamt er det å snakke med dei, synest ho.