I desse dagar får alle aviser nye og spennande annonsar om valhefte til vidaregåande skule.
Annonsekampanjen som er sendt ut onsdag, er eit samarbeid mellom Avis i Skolen, Mediebedriftenes Landsforening, Stortinget og Landslaget for lokalaviser. Det er Studio 3 ved Westerdals som står bak den grafiske formgjevinga til annonsane og elevheftene.
Dei nye annonsane som er sendt ut no, oppfordrar lærarane i vidaregåande skule til å bestilla elevheftet om valet i september. Slik får elevane meir kunnskap om lokalpolitikk, demokrati og ikkje minst avisene si samfunnsrolle.
LLA har engasjert seg i elevheftene, som ein del av våre Ung & engasjert-tiltak.
Avisorganisasjonane oppfordrar alle avisene til å bruka kampanjen om elevheftet i tida framover. Utover dette er det ikkje meir arbeid eller forpliktelser, bortsett frå å gi skular som tar kontakt om det, gratis klassesett med aviser. Det er gjerne ei veke og to til hausten dette er mest aktuelt.
Skulane som vil ha sjølve elevheftet, betaler og bestiller dette gjennom egne nettsider – og det er trykkeriet, MBL og LLA som tar seg av alt det praktiske arbeidet.
Dei nye annonsane kan lastast ned her.
Valgheftene kan bestilles her