Ikkje alle draumar …

… gjekk i oppfylling for Sjur Røthe. Men me ryddar førstesida for han i morgon likevel. Faksimilen over er frå melsdagane, då Sjur såvidt var heimom å feira jol med familien. Legg merke til korleis han fråtsar med jolefrukosten. Etter å ha gjort ein opphentingsjobb for seg sjølv og resten av laget på femmila, avslutta han forrykande. Fjerde plass blir ikkje nederlag på ein sånn dag. Helsing ein evig toar, både i langrennssporet og i hoppbakken.