Meiningsmålingar er godt lesestoff

Eitt år før kommunevalet har Grannar køyrd partibarometer for kommunane sine, Etne og Vindafjord. Den politiske målinga ga grunnlag for interessante saker om korleis det politiske landskapet kan verta.

I tillegg til politisk måling, la Grannar inn spørsmål om kommunereform, eit tema som blir sentralt i komande valkamp. Saka bygde dei ut med å snakka med tilfeldige personar om temaet.

– Det direkte resultatet har blitt fire oppslag med doble sider. Me har også brukt førstesida godt til å marknadsføra oppslaga. Responsen har vore god, ikkje minst frå dei lokale partia som nå er i gang med nominasjonsproesess og valprogram, fortel redaktør Arne Frøkedal.

Grannar er godt nøgd med tabellane som Norfakta leverte. Norfakta tilbyr lokale politiske meiningsmålingar for LLAs medlemsaviser. Lokale meiningsmålingar er godt lesestoff og kan vera grunnlag for interessante analysar.