Svært stabil oppslutnad rundt lokalavisene

Opplagstala til lokalavisene er svært stabile. Det samla avisopplaget for aviser tilslutta Landslaget for lokalaviser (LLA) aukar med 0,1 % fra 2009 til 2010.

Med eit par års unntak har det samla opplaget for avisene i LLA auka 19 år på rad. Med årets vesle vekst stadfestar vi den sterke posisjonen som lokalavisene har mellom lesarar i bygder, tettstader og bydelar i heile Norge.

Det samla abonnementstalet for LLA-avisene aukar med 0,5 %, medan laussalet går ned med 5 %.

– Dei ferskaste opplagstala viser at lokalavisene har ei viktig oppgåve, gjer ein god jobb og blir sett stor pris på av folk i lokalsamfunna. Lokalavisa er lim og lupe for for innbyggarane, seier generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser.

Årets opplagsvinnar blant LLA sine aviser er Dag og Tid. Den nynorske kultur- og debattavisa aukar opplaget med 807 eksemplar (10,7 %). Redaktør Svein Gjerdåker seier at framgangen er svært gledeleg og at Dag og Tid går så mykje fram fordi dei lagar ei betre avis.

Blant LLA sine typiske lokalaviser er Lokalavisa Verran-Namdalseid opplagsvinnar. Den rundt to år gamle lokalavisa har fått ein fin start med ein vekst på 654 eksemplar (45,7 %) siste året. Redaktør Borgar Jønvik uttaler at Lokalavisa Verran-Namdalseid er ei ung avis i to kommunar som aldri tidlegare har hatt lokalavis. Dessutan seglar norske lokalaviser i medvind, seier redaktør Borgar Jønvik.

Les meir og sjå alle tala på lla.no

Ti på topp i opplagsauke

(tala er auke i antall eksemplar, samanlikna med 2009. Totalopplag 2010 i parentes)

Dag og Tid 807 (8 338)
Lokalavisa Verran Namdalseid 654 (2086)
Klar Tale 351 (12 823)
Solungavisa 271 (1895)
Våganavisa 255 (2295)
SteinkjerAvisa 173 (4455)
Røyken og Hurum Avis 170 (3711)
Ås Avis 158 (1653)
Søgne og Songdalen Budstikke 131 (3021)
Vigga 128 (2421)
Vestby Avis 105 (1607)