Kven abonnerer på lokalavisa?

Hallingdølen har undersøkt kven av stortingsrepresentantane frå Buskerud som abonnerer på lokalavisene i eige fylke. Oppslaget fekk fleire av politikarane til å sjå raudt.


Hallingdølen hadde sist laurdag eit oppslag på kva for lokalaviser stortingskandidatane
frå Buskerud abonnerer på. Spørsmåla representantane fekk var:
1. Abonnerer du på fylgjande
aviser; Drammens Tidende,
Laagendalsposten, Røyken og
Hurum Avis, Ringerikes Blad,
Bygdeposten, Hallingdølen?

2. Les du nokon av desse avisene
fast?

Resultata synte at stortingsrepresentantane i liten grad abonnerer på Buskerud-avisene. Tre representantar, Anders B. Werp (H), Trond Helleland (H) samt Jørund Rytman (Frp) abonnerer ikkje på ei einaste Buskerud-avis. Fem representantar abonnerer på éi avis. Berre Senterpartiets Per Olaf Lundteigen kan slå i bordet med at han abonnerer på fleire aviser – Laagendalsposten, Bygdeposten og Hallingdølen. Vidare synte kartlegginga at stortingsrepresentantane les somme av Buskerud avisene meir eller mindre fast, andre av og til og somme aldri. Dette syntest valforskar Frank Aarebrot er for dårleg. – Les lokalavisene, for pokker, var Aarebrots oppmoding til Buskerud-representantane.

Les saka, og lesarinnlegga som vedlegg