Små legat forsvinn

Os og Fusaposten skriv om Yngve Køhler Rausteins minnefond som skal avviklast. Årsaka er at det er for dyrt å driva det vesle fondet.

– Når kapitalen vert borte i rekneskaps- og revisorhonorar og avgifter, er det ikkje noko poeng i å driva vidare, seier styreleiaren for fondet til Os- og Fusaposten.

Før 2005 var ikkje stiftingar med ein kapital på under 500.000 kroner rekneskaps- og revisorpliktige. Seniorrådgjevar Øystein Fosstvedt i Stiftelsestilsynet fortel til Os- og Fusaposten at dei får mange misnøgde telefonar om liknande saker. Sidan 2005 er minst 3000 mindre legat lagt ned.

legathandboken.no kan du søke blant over 2000 eksisterende legat.