Det er framleis Grunnlovsjubileum og Riksarkivet har fleire populære haustoppskrifter frå den 200 år gamle kokeboka. Her får du oppskrift på "Brun Soppe, eller Haustsuppe à la 1814 ". Oppskrifta og bilete kan brukast gratis. Ho er både på nynorsk og bokmål.
Ikkje berre kombinasjonen ingefær og sitron, men også det kresne utvalet av grønnsaker er dét som gir karakter til denne historiske suppa. Her brukar du kun to slag: ”Sillerie Rødder” og ”Petersille Rødder”. Sellerirot har karakteristisk og kraftfull smak, her får rota perfekt match av ingefær – eit parforhold verdt å satsa på. Milde persille og syrlege sitron bidreg til å gi ”kropp” til sjølve grunnlaget for retten: ekte, heimekokt kraft og godt bruna kjøtbitar. Dette er ikkje 1-2-3-mat, men kraft kan kokast dagen før, kjøt kan også brunast i forvegen – men dette er også svært hyggeleg mat å laga saman med nokon.
Og tilbehøyr? Riksarkivet serverte østerdalsflatbrød med smør til, det var vellukka. Originaloppskrifta siktar høgare: ”Brød Boller (melboller), fylt Kalve Brøst, Kapuner (kastrert hane) eller Risted Brød som mand kand have …”
Oppskrift på Brun soppe, eller Høstsuppe à la 1814
Sjå oppskrift som worddokument og bilete som vedlegg.
Er du på jakt etter andre oppskrifter? På bloggen Historisk kokekunst er det mykje å velja mellom. Treng du andre bilete eller har spørsmål om denne oppskrifta tek du berre kontakt med helfro@arkivverket.no.