På innsida av rusmiljøet

Mesteparten av jentene i dette miljøet vel å selja seg sjølv for å få råd til stoffet. Eg har valt å selja narkotika, dessverre.

Om eg hamnar på køyret igjen, kjem det ikkje til å gå bra.

Sitat som dette kjem ikkje av seg sjølv. Journalist Anders Totland og fotograf Per Egil Larsen i Sunnhordland brukte mykje tid på å få innpass i rusmiljøet.

– Det var spennande, men ikkje minst tidkrevjande, å jobba med desse sakene. Spesielt fordi verken eg eller fotografen hadde noko særleg kontaktnett i rusmiljøet frå før, og dette ikkje akkurat er det lettaste miljøet å få innpass i. I starten brukte me ein del tid på å oppsøka nokre av dei faste samlingsplassane, blant anna eit kommunalt aktivitetssenter og Kirkens Bymisjon, der rusmisbrukarane får eit arbeidstilbod. Der møtte me opp utan notatblokk og kamera, for å byggja tillit, og fekk etter kvart gjort avtalar med dei som kunne tenka seg å stilla til intervju. For å få tilgang til desse kjeldene, var det heile tida ein premiss at dei når som helst i prosessen kunne trekka seg. Det var det berre ein som gjorde, fortel Anders Totland.

Men det grundige arbeidet gav avkastning. Sunnhordland hadde i romjula ein åtte siders reportasje der dei gav ein grundig presentasjon av rusmiljøet på Stord. Dei presenterte dei ulike hjelpetilboda som finst, og ikkje minst fekk lesarane verta nærare kjent med nokre av dei som har vore ein del av det tyngste rusmiljøet i fleire år.

I dei neste vekene hadde Sunnhordland fleire oppfølgingsreportasjar, der politi, politikarar, foreldre og naboar vart intervjua om narkotikautfordringane på Stord. Også i desse sakene vart brukarane sine stemmer høyrd.

Linda Herland Eide står bak den grafiske utforminga av sidene.