Å drifte

Å drifte er eit ord som blir meir og meir brukt. I nynorskordboka blir det forklart med sysle, arbeide eller fiske.

På bokmål: være i virksomhet, holde i drift, stå for, administrere drifta av – for eksempel drifte eit dataanlegg eller ei oljeplattform. Slik det ofte kan skje med moteord, ser vi det brukt i stadig meir utvida tyding som til dømes å drifte ein gard. I slike samanhengar bør vi halde på det gamle å drive.