Skjermbilde 2019-09-11 kl. 11.05.40

90 medlemsaviser laga 482 saker frå valet

Ein gjennomgang av alle medlemsavisene til LLA syner at det i løpet av valkvelden og tirsdag føremiddag vart servert 482 saker om valet. 16 aviser dekka valvakene med lyd og levande bilde.

Avisene som har skrive om valet på valkvelden og dagen derpå har i snitt over fem saker kvar. I tillegg kjem det ei rekke oppdateringar om korleis resultata har vore i både enkeltbygder og ulike kommunar.

Landslaget for lokalaviser (LLA) har 110 medlemsaviser, av dei er det 20 som tidleg tysdag føremiddag ikkje hadde noko om valet på sine nett- eller Facebooksider.

Det lystige først

Generalsekretær Rune Hetland i LLA synest det høyrest bra ut med 482 saker, og over fem saker i snitt på 90 aviser.

– Det er mange omfattande saker, og det viser at i all lokalpolitikk er lokalavisa avgjerande. I dag er det viktig å få informasjon frå redaktørstyrte medium. Følgjer ein med på tv og store medium er riksnivået i fokus sjølv om det er lokalval. Skal ein få vita kva som skjer og kvifor ting har blitt som det har, må ein gå til lokalavisene. Lokalavisene våre har gjort ein formidabel jobb, det er svært positivt, meiner Hetland.

Så langt LLAs eigen gjennomgang viser, er det 16 aviser som med levande bilde og lyd har sendt direkte frå valkvelden. Dei fleste av avisene har vore på valvaker og levert intervju og analyser. Det var også aviser som hadde «live-dekking» i tekst og bilder av det som skjedde minutt for minutt, der dei også var i dialog med lesarane. Eit eksempel på dette var Askøyværingen.

– Det blir interessant å høyra deira erfaringar, og det er spennande at fleire og fleire no tek i bruk levande bilde. I LLA har vi stor delingsglede og vi håpar andre kan dra nytte av dei erfaringane desse avisene har gjort. Alt på LLAs Lokal & digital-konferanse på Flesland frå 17. oktober får vi høyre meir, seier Hetland.

20 utan nyhende frå valkvelden

Teljinga viser at 20 aviser tysdag føremiddag ikkje har nemnt valet på sine heimesider eller Facebooksider. Det høyrer og med her at ein del aviser ikkje har nettsider i det heile.

Rune Hetland meiner dette viser at for mange av lokalavisene heng etter i den digitale satsinga si, noko det er fleire grunnar til.

– Både kvar enkelt avis, og LLA som organisasjon, må vera med og løfta desse avisene. Det er i dag forventa at ein får viktige nyhende levert digitalt her og no. Kjem ikkje desse avisene dit snarast, trur eg dei får problem i framtida, seier Hetland.